søndag 23. juni 2013

Ny stol

Fekk du med deg denne stolen som eg trudde eg hadde gøymt godt nok til at mannen ikkje skulle sjå den? Vel, no er den her i sin nye drakt!
Eg tenkjer at monge gonger er det godt at optimismen overgår den realistiske sansen. Eg har på ingen måte noko forutsetning for å få noko slikt til, anna enn at eg er sta og veit korleis eg vil det skal sjå ut til slutt. Manglande forkunnskaper var vel ein medverkande årsak til at det tok meg ei heil helg, men det er det alltid verdt når resultatet kjem *smil*
 Undervegs hadde eg god tilskuarhjelp i mannen. Eg undrast på om han enno er fascinert over tolmodet eg fann fram då stolen skulle stiftast nytt trekk på. Det var nemleg krevjande for hovud og sjel! Når eg no ser det ferdige produktet meinar eg å påstå at det ikkje vart så verst!
(litt skeivt her og der og nokre krøllar, men det er vel litt av sjarmen?)
Fargen måtte jo bli favoritten: blå. Stoffet kom for lenge sidan frå Stoff og stil. Til alt hell og lukke er det faktisk så nært det kan komma på den allereie eksisterande puta som har fått sommarresidens i sofaen. For ikkje å snakke om dei finaste Tine K putene eg ønsker meg i samme farge. Det kan sjå ut som eg må lage sistnemde sjølv. *smil*
--
Du ser kanskje regnet på rutene, og slik har det veksla heile helga. Heldigvis har det vore litt opphold og tid til å vere ute også. Eg fann faktisk ut i går at hadde det ikkje vore regn så hadde ei heller huset blitt vaska og stolen blitt teke bilete av *knis*

Ha ein god søndag! Har skal hubby på kamp og eg på konsert. 

8 kommentarer:

  1. Så flink du har vært. Den ble kjempefin. D

    SvarSlett
  2. Så fin som stolen ble, kjempeflott:)

    SvarSlett
  3. Så fin og så flink du har vært!

    Setter så umåtelig pris på alle de fine kommentarene du har lagt igjen hos meg. Jeg får dessverre ikke kommentert så ofte lenger, det er den tida vet du. Men jeg skal slutte å unnskylde meg, for nå skal jeg nyte tiden jeg har og oppdatere meg på dine sprell :)

    Fiin søndagskveld!
    klemklem
    -Maia

    SvarSlett
  4. Så fin!!! Bra gjort å gjøre det selv!!!
    *flink* ;-) Her i gården skal jeg på shopping i stavanger i morgen *glede* ;))
    Klems Elisabeth

    SvarSlett
  5. Selvsagt kan du. Det tvilte jeg aldri på!

    SvarSlett
  6. Den ble jo kjempe fin!! Tvilte heller ikke på at du skulle klare det utmerket :)
    NAM, rabarbrapaien din ser og høres sååå god ut, tror det blir en pai ganske snart ja ;)
    Klem

    SvarSlett
  7. Den blei jo så fin og så gøy å forandre på noko og så blir det så fint❤kos deg med stolen!
    Ønsker deg ein fine dag!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!