mandag 21. mai 2012

Før/Etter: Spraylakkering

Det er rart korleis kreativiteten og pågangsmotet til å gjere alt mogeleg anna enn å studere blomstrar no i Mai. Lurar på om det kan vere noko med lyset, eller kanskje den fine sumarvarmen me opplever på Vestlandet disse dagane. Det har nok ingenting å gjere med at det ikkje er så kjekt å lese til eksamen. Neida. Det er nok ikkje det. 

Dagens eksamensprosjekt (vel og merke etter jobb):
 Ein gammal sak frå bruktbutikken (kva er det egentleg? Kullsamlar? Paraplyhaldar?) og ein sinkbalje eg fann til 70 prosent nedsatt pris på Nille sist veke. Den låg gøymt under ei hylle, og då eg skulle ta den ut raste eg liksågodt ned alt som låg på hylla over også. Fint det.
 Litt grunning (dvs, ein heil sprayboks med primer) og litt spraying (dvs ein sprayboks til) og resultatet vart som eg håpte. Fine kvite blomsterpotter. Den litle baljen som visest på biletet fann eg då eg rydda i hagen. Den fekk seg ein omgang spray den også, vel og merke etter eg hadde teke "før"-biletet.
Dei seier sumaren i år skal vere fargerik. Eg er ikkje så flink til slikt, så eg held meg til det kvite. Då passar dei hvertfall i lag. Det syns eg er fint. Blomstrane kan vel stå for fargen?
(det kjem nemleg soolsikker opp i baljen, om vêret er på mi side)

13 kommentarer:

  1. Ganske sikker på at det er ein paraplyhaldar du har funne ja. Men den passa mykje betre som blomsterpotte, verkeleg fine vart tinga etter spraylakkeringa:) Takk for tips:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for opplysninga! Etter vêret å dømme dei siste veken burde eg vell kanskje beholdt den som paraplyhaldar! Knis, neida! Den gjorde seg godt som blomsterpotte!

      Slett
  2. Du har funnet en koksboks

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, er det verkeleg det? Koks har me relativt lite av, så det var godt den kunne få nytt liv saman med lavendelen då!

      Slett
  3. Sårein koksboks kjenne eg igjen ifrå barndommen :) Blei knallfint! :)

    SvarSlett
  4. Kjempefint!! så "enkelt" å gi noe nytt liv til gamle ting..
    takk for tips..!
    Vibeke

    SvarSlett
  5. Blomsterpottene var kjempefine, jeg holder meg også til hvitt selv om det skal være mye farger:)
    Og når det gjelder støping av betongpotter så er det veldig enkelt og gøy å støpe med betong!
    Klem Linn

    SvarSlett
    Svar
    1. åååå så spanande at du har prøvd ut betong! kikka innom bloggen din og såg nokon kule fat!! Det er på mi "to do"-liste!

      Slett
  6. Så flotte de ble! Takk for ideen :-)
    Ha en flott tirsdag!

    SvarSlett
  7. Hei, har nettopp oppdaga bloggen din via mariefriis bloggen, og legger meg til som følger med en gang. Kjempekoselig blogg med masse gode ideer. En slik koks"skuffe" har jeg også funnet hos mine foreldre, min plan er å spraylakkere den i grå eller granitt, men ting tar tid hos meg :)
    Gleder meg til å bli bedre kjent med bloggen din, og til nye innlegg.
    Ha ein fin sommer.
    Hilsen bloggløse, men bloggelesende
    Merete N
    noggi71@hotmail.com

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!