mandag 9. april 2012

Inspirasjon konfirmasjon

Me har konfirmasjon i Mai. Ikkje her i heimen, men i foreldrene mine sin heim. Yngste bror min skal for alvor tre inn i dei vaksne sine rekkjer. Det er i alle fall slik det heiter frå gammalt av. I mellom alle oppgåver som skal leverast i løpet av våren unner eg meg derfor pauser med å leita etter inspirasjon til pynt. 
her og her
Festen skal feirast på rorbua til foreldrene mine. Det vil derfor automatisk bli eit maritimt preg over det heile, noko som jo passar fint i lag med konfirmantens ihuga interesse for båt og båtliv.
her og her
Systera er nok meir glad i pynt enn både mora og konfirmanten, men me skal nok komma til enighet til slutt. 
her og her
Kjekkast nett no er det å utforme bordkort. Utforminga skjer førebels inni hovudet altså. Den raude båten på biletet over skar litt ut frå fargetema, men i hovudet mitt ser den knallkul ut i blått!
her og her
Eller denne "pappeskebåten". Eventuelt fylt med snoperier til gjestene? Eller for å gjere det enkelt: dymo på eit stykke bark eller bølgepapp. Enklare blir det ikkje.

Inspirasjonsdelen er halve prosessen. Og eg syns prosessen er kjekk. Mor mi forstår ikkje at eg vil bruke tid på dette midt i eit hav av oppgåver. Eg likar det.

Ha ein god kveld vidare!

2 kommentarer:

  1. Eg likar også veldig godt prosessen med å leite og tenkje, når det er slike anledningar. Hjå oss er det (heldigvis) lenge til konfirmasjon, men eldste tantejenta mi er konfirmant om ein dryg månad, og eg tenkjer det vert lekker bordpynt der òg.

    kjekke påskeinnlegg frå deg nedover her!

    Lukke til med oppgåver framover!

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha! Kjekt å høyre det er fleire som gler seg over "prosessen" så vel som resultatet!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!