Den amerikanske filosofen Ralph Waldo Emerson sa eingong:
"Kunst er å skape skjønnhet"
Eg kan derfor stolt presentera min eigen kunst.
Som ein skjønnhet!
Dette er takket være min arbeidskollega. Bileta vist på biletet er frå veggen i huset hennar, som frå denne helga er å finna på finn. Ho trong innhald til desse rammene, og kom til meg om ikkje eg hadde noko som kunne passa.
Eg vart smigra.
Eg vart sjarmert.
Og eg vart flau..
Skulle liksom noko av det eg hadde laga passa inn i ein strøken heim, som attpå til skal ta seg best mogeleg ut for potensielle kjøparar?
- Hjelpes!
Uansett, som biletet allereie syner så sendte eg over nokre av bileta eg brukte på eksamensutstillinga. Nokre av dei er vist her. Bileter om det eg synest er vackert, og korleis eg tenkjer om livet og dets harmoni.
Til slutt printa eg ut dei ho likte best, og ho har fått dei opp på veggen sin, klar for visning.
Slike episodar berikar livet mitt.
Eg likar at me kan tru på kvarandre,
sjølv om me ikkje trur på oss sjølv!
Me må også våga å la andre ha tru på oss,
berre sjå kor fint det blir!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!