tirsdag 17. april 2012

DIY Gryteunderlag

Ikkje veit eg kven som var først ute med denne ideen. Eg veit det var ikkje meg. Og eg er nok verken den første eller siste til å gjennomføre den, så enkelt som det er. Nett slik eg likar det. Enkelt og dekorativt!
Mitt prosjekt vart gjennomført på SFO. Der er eg kvar fredag i lag med søte små. Favorittaktiviteten er å perle smykker og armbånd med dei finaste rosa/grøn/gul/blå fargar. Då eg kikka oppi perlekorga låg alle dei brune treperlene igjen for seg. Ungane kunne ikkje forstå kvifor eg ville ha dei stygge perlene. Dei var det jo ingen som likte! Vel, eg gjer!

Har du enno ikkje laga ditt eige gryteunderlag?
Prøv med treperler (fås kjøpt på Biltema i stor boks saman med andre fargar, eller enkeltvis hos Panduro)
Hyssing av hamp eller gjerne strikk.
Tre dei på og skriv noko passande.

4 kommentarer:

  1. Kjempekult :)
    Gøy å lage noe sammen barna, det gjør ofte jeg også (jobber på sfo)

    Ha en flott dag!

    SvarSlett
  2. Ja, det syns eg og! Sjølv om kreativiteten til ungane oftast overgår min!

    SvarSlett
  3. God ide! kan jo tilogmed lillegutten min klare! takk for tips!
    Venter en award inne hos meg på deg..=)

    Knip Vibeke i skråningen

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!