Om det er lenge til julefrokosten er dei like gode til kvelds. Eller lunsj. Eller i staden for baguettar eller tilsvarande til middagsmat.
Me har nemleg prøvd å ete litt sunnare i haust, og då har eg brukt fibramel til å bake med. Fibramel er mykje enklare å bake med enn til dømes sammalt mel, og resultatet vert heller ikkje så verst.
Oppskrift på horn med fibramel:
- 1 pk gjær
- 6 dl vatn/ekstra lett melk
- litt sukker
- ca 1 ts salt
- 5 ms olje
- 8 dl fibramel
- ca 6-7 dl hvetemel
Pynt: havregryn eller sesamfrø.
- Bland alt det tørre i ei bakebolle.
- Bland olje og vatn/melk og varm opp til ein temperatur på ca 37 C
- Hev deigen til dobbel storleik.
- Del deigen opp i fire like store emner og kjevl dei ut til ein sirkel med diameter på 30-40 cm
- Del opp sirkelen som ein grandiosa (det er i alle fall kva eg forklarer elevane mine, då deler dei opp i ca 8 like store deler).
- Rull saman til horn.
- Legg på bakepapirkledd plate med spissen ned.
- Etterhev til dei går sakte tilbake ved eit lett fingeravtrykk.
- Dusj eller pensle med vatn rett før steiking.
- Avkjøl på rist for å sleppe ut fuktigheit.
Eg plar fryse mine horn og tine dei i mikroen før servering. Då smakar dei alltid som nybakt.
Dette såg så godt ut,horn er jo kjempegodt og nydelige bilder du viser:)
SvarSlettØnsker deg ei fin ny veke!
Klem fra lillian