lørdag 8. desember 2012

Friday DIY: uro av pepperkakeformer

Ein fredag DIY (Do it yourself) på ein lørdag.
Eit teikn på ein hektisk kvardag.
Julepynt kjem opp litt etter litt, samstundes med julestemninga som kjem snikande. 
 Heimelaga uro av pinner og pepperkakeformer.
 Dekorativt og enkelt.
To pinnar i kryss. 
Vart med heim etter ein luftetur med Samson.
 Fine stjerneformer. 
Festa med hyssing.
Hengt opp ved inngongspartiet. 
Reflekterande lys i metallformene.

----

God helg til deg som er innom!

torsdag 6. desember 2012

Juleinnpakning | del 2

 Samson, vår firbeinte venn (som du ser på sin faste plass her) har gjort sine siste juleinnkjøp. Han har til og med skreve namnet på pakkane sjølv, om du ser på pakken oppe i venstre hjørna. Ikkje lett med fire potar når julestria kjem!
Illusjonen kvart år er å få til julehygge og juleinnpakning samstundes, men realiteten er at tida mot jul går svært fort. Byrja så smått med første innpakningsdel her, men for Samson si skuld har me gått over til noko litt mindre tidkrevande: gråpapir og teip frå Bloomingville. Kjøpt hos Bruno.

Har du gode forslag til rask, men likevel dekorativ innpakning?

-------

Tusen takk for alle kjekke kommentarar og nye følgjerar. 
Det varmar eit bloggehjarte!

onsdag 5. desember 2012

Jul i vår leilighet

Vel, ikkje all verdens jul enno, men adventstake og sviblar har komme fram. 
Ei stjerne frå Tine K har fått hedersplass på veggen. Eg hadde sjølvsagt planar om å lage den sjølv, men  så vart det så mykje lettare å kjøpe den ferdig. Det er igrunn tre stjerner i ei, så om eg ynskjer forandring kan eg ta dei frå kvarandre. Fjordårets stjerne er litt mindre, den laga eg slik.
 Juletreet eg laga tidlegare er eg framleis supernøgd med. 
For framgongsmåte, sjå her.
 Årets juleblomst er svibel. Syns det er festlig å plassere dei rundt om, og for ei utan grøne fingrer og med lite tid er desse perfekte. Dei første sviblane i Arne Jacobsen koppane har allereie byrja blomstre. Gøy!
Kvifor ikkje pynte med pepperkakeformer? Har kjøpt inn pepperkakedeig, men førebels har det ikkje vore rom for å baka den ut. Stjerneformene gjer seg fint til dekorasjon i mellomtida. 
Papirbrettestjerna er einaste fargeklatten om dagen. Eg er i stjernebrettingsmodus etter at eg endeleg knakk koden (med god hjelp frå mariefriis!)

Vil du sjå fleire jule(te)innlegg? NIB har utfordring om å vise Jul i vårt hus. Eg deltar med dette (litt lite) julete innlegget.