Kvar fredag prøver eg å vise ein gjennomførbar DIY. I dag viser eg "heimelaga" solcellelampar. Det vil egentleg seie gjenbruk av gamle og til dels rusta lamper frå i fjor, but still.
Steg for steg:
- Skru av "halsen" på ei gammal solcellelampe (eventuelt ei ny, meinar på dei sel slike på Jula til 49,- for 3 stk)
- Lim fast hovudet på loket på glaset. Eg brukte min fine limpistol til ca ein femtilapp frå mitt første studieår. Den satt som eit skudd!NB! Må vere gjennomsiktig glas i loket for at batteriet skal lade seg opp!
- Fyll glaset med ønska innhald. Eg har brukt skjell frå stranda heime og fine kvite steinar frå Kreta. *Sommarminner*
- Lukk lokket (kan vere lurt å sjekke plasseringen av lampa før du limer på, slik at det går igjen)
- Nyt synet og sett lampene til lading i sola!
No er det endeleg helg!
Eg håpar på fint vêr og tid til å høyre mine eigne tankar!
Så stilig:) Koselig å ha på bordet ute på seine sommarkveldar!
SvarSlettDet syns eg og! Det vart faktisk utrulig bra når mørket kom fram!
SlettKnallfine! Det fekk eg og lyst til å prøva! :-)
SvarSlettKnallfine! Det fekk eg og lyst til å prøva! :-)
SvarSlett