Av fleire grunnar dokumenterer eg augefryden under:
1. Eg har fått meg ny kopp/vase.
Den bør egentleg være i par x2 (ein fin måte å sei at eg ville ha fire på), men eg hadde berre råd til ein. Trist, men betre med ein enn ingen. Den er min augefryd nr. 1 i desse eksamensdagar. Eg kan røpe at det står TineK under den og at den er hamstra med frå Bruno interiør i Haugesund.
2. Eg brant meg på brennesler over heile foten.
Då eg såg desse greinene. Eg måtte ha dei med inn, og tenkte ikkje på at eg gjekk i småsko før hunden drog meg over ende og det byrja svi på foten.
3. Desse greinene/blomstrane er fine.
Nokon som anar kva type tre det er? Eg veit ikkje betre, så eg ville sagt det kan vere epletreblomster, men eg trur ikkje på meg sjølv akkurat der.
4. Bileta her vart tekne i gårkveld etter kl. 20.
Det vil sei at dagane er laaange og gode. Slikt får eg energi av!
5. Bilete tekne etter kl. 20 får gult lys.
Det syns eg egentleg ikkje gjer noko!
*fin tirsdag til deg!!
nydlige bilder av fine ting. :)
SvarSlettvi har gåvedryss på gang, kjem eit til gåvedryss i dag. Fine premiar, kom og bli med.
Ha ein fin dag.
Henriette
det vil eg så absolutt sjekka ut! Fin dag til deg også!
SlettSå fine bilder:)herligt med dette nydelige været:)
SvarSlettFine dag til deg!
Klem
Ja, det er heilt fantastisk! Då har me gløymt ut heilt den sure 17.mai!
SlettKirsebærblomstene gjør seg godt i vasene dine.
SvarSlettKlem, D