På skulen om dagen har me jobba litt med å laga
Collage. Me har eksperimentert med ulike typar tekstur, bileter, stoff og maling. Me har hatt dama bak bloggen
Spindelmaker som lærar, og hovudet mitt er full av
inspirasjon. Legonheten på Svebakktunet har enno ikkje sett noko bilete på sin vegg, så eg tok meg ein tur på
Biltema og kjøpte billige lerret, klar for å setja i gong. Det gjenstår no berre eitt problem: frykten for eit stort, kvitt lerret!
I mellomtida har eg komme over ei svært søt side på nettet, via den svært
sjarmerande bloggen til
Fru Fly, nemleg
Happy Home Wall som lagar slike collage bilder. Svært fine! Kanskje nokre av disse kunne
fått sin heim i legonheten!?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!